onsdag 16. november 2011

ELEFANTSJUKEHUSET I OSLO

Sett utanfrå er det ikkje lett å bli klok på sjukehuskaoset i Oslo. Sikkert er det i alle fall at fusjonen av Rikshospitalet/Radiumhospitalet, Ullevål sykehus og Aker sykehus har skapt ein koloss som er vanskeleg å styra.
Overforbruket ved Oslo Universitetssykehus er på 50 millionar kroner i månaden, og sparekrav fører til skarpe protestar frå dei tilsette.

På den bakgrunn kan me forstå at opposisjonspartia Høgre, Frp, KrF og Venstre nå vil ta ein fot i bakken og gi sjukehuset lengre tid på å gjennomføra kutta. Regjeringa bør sjå på forslaget som ein velkommen redningsplanke som kan få situasjonen under kontroll igjen.

I det vidare arbeidet må omsynet til pasientane vera viktigast. Verken regjering eller opposisjon bør la det gå prestisje i dei organisatoriske løysingane som tidlegare er valde. Dersom det nye gigantsjukehuset er for stort til å fungera, bør ein sjå på andre alternativ. Og kanskje læra litt til neste gong.

Dei fire opposisjonspartia vil stansa opp og ha ein gjennomgang av sjukehusfusjonen i Oslo.


40.000 underskrifter er samlet inn
i protest mot nedleggelsen
av Aker sykehus.





















.
.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar